Sider

Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg

fredag 29. april 2011

Gratulerer med dagen !

Gratulerer med dagen William ,Kate og Milena!

:-)

Her er lisje kaka mi,som er noke liknande William vil ha og så er den kaka som Kate vil ha:





ein bryllupskake i ein heilt anna klasse enn det vi er vant til:




Meir her:

søndag 17. april 2011

Bryllupskake

Bryllupskaka klar.Den største er marsipankake med nøtter, vaniljekrem og heimelaga nektarin marmelade,den mellomste  er ein brownieskake fyllt med pasjonsfrukt gele og  den minste kaka er fyllt med krem og nektarin marmelade.+ 2 kilo marsipan til pynt + ein del timars arbeid...

:-)



søndag 10. april 2011

Induksjon

Endelig kjøpte eg meg ein ny komfyr og topp fra Whirlpool.Den eg hadde var brukt mykje og mot slutten var det bare ein plate som virka.Nå kjøpte eg induksjontopp og det går fort. Det er ikkje viste var at ikkje alle kokepanner egna seg til induksjontopp og nå har eg bare nokre få igjen som eg kan bruke og må kjøpe meg ein eller to nye . Bakar ovnen har  8 multifunkjsonar.Testa den  ein i dag:Polar brød "look a like".Uten oppskrift blir det cooking by looking . :-)

Baksten så og smakte godt,jevn varme over alt!Det er bra,til helga blir det  mykje baking til ein bryllupskake !


lørdag 9. april 2011

Jordbær fra Spania

På Mega i Vik hadde dei raude ,store jordbær fra Spania.Det var nok ikkje bare eg som  ville ha dei,til ein pris på 19. kr for 500 g var det mange som køpte.Med  litt sukker og fantasi smakte dei nesten like god som "ekte"jordbær.;-)


søndag 6. mars 2011

Rå sjoklade

Det er andre gangen eg laga RÅ SJOKOLADE.Det er godt og enkelt å lage.Brukte oppskrifta HER,men ikkje heilt 100%.Eg laga masse gransirup i fjor og nå kan eg bruke den som søtningsmiddel.Litt rosiner har eg også inn.Og vanilje essens.Nam,nam...

søndag 23. januar 2011

Ein lat søndag i januar

med sein frokost ,god bok og sofa.Og boka er Nigellas siste bok Kitchen,så eg får  lyst å lage noke godt.Banan og sjokolade muffins...mmm...da kan man bruke dei modne bananer som ellers ingen vil ha.

mandag 6. desember 2010

6.desember

Meir godt til jul:brownies med nøtter,rosiner og det man vil ha ...





Beste brownies oppskrift:

150 gr smør

65 gr mørk sjokolade

165 g sukker

2 egg

75 gr mel

2 ss kakao

1 ts vaniljesukker

valnøtter,pistasj,mandlar,paranøtter,rosiner,tørkafrukt,tranebæer etter smaken

Smelt sjokoladen og smør.Pisk egg og sukker godt.Rør inn sjokoladerøren.Sikt sammen kakao,mel og vanilje sukker og ha det i røren sammen med nøtter.Gjem litt til å drysse over kaken.Stek røren i ein liten langpanne 20x30 cm ved ca 165 gr i ca 25-30 min.:-)

mandag 29. november 2010

Macarons

Enda meir godt til Jul: Macarons eller franske makroner.Malte mandlar ,melis og eggekvite...høyres veldig enkelt ut,men er nok litt meir komplisert.Må øve meg litt til før jul og lage dei også i andre fargar.Vi prøvde dei på bursdagen til J og dei smakte ok,men litt tørre? ;-)


onsdag 24. november 2010

Kvit sjokolade med pistasjnøtter og tranebær

kan det bli bedre?Og i alle jule fargar...I år blir det meir av denne sorten til jul istedenfor kaker som ingen vil ha.Rask å lage og utrulig godt.Som julegave til noken som he alt?





Oppskrift:

2 plater  kvit sjokolade a 100 gr

ca 60 gr tranebær

ca 60 gr pistasjnøtter

1 ss smør

Kle ein liten form med plast folie

Smelt smøret og ha i sjokoladen,men helst over vanndamp,kvit sjokolade tåler ikkje varmen like bra som den mørke

Eg smelta først 1 plate og hadde den i bottnen  og hadde lett hakka pistasjnøtter og tranebær på, så smelta eg den andre platen og hadde den forsiktig over,så den dekka alt.La det stå kaldt til sjokoladen stivna igjen.Skjer i små bita ca 2x2 cm og oppbevar kaldt.Det samme kan du lage med mørk sjokolade !

Smaka himmelsk!

fredag 12. november 2010

Maten er snart klar....

Så er eg i gang,det  som kan gjerast på forhånd betyr  mindre arbeid i morgå:

Marinerte oliven,oksehalesuppe med heimelaga ristabrød,kraft kokt på innmaten og vinga fra to gås,kryddermarinerte skogsbær som er best når dei står natta over og små kokos og sjokolade muffins til kaffi:




I morgå skal eg lage rødvinssaus,renske rosenkål ,skrelle masse poteter og steike gås i ca 3 tima.Eplekake skal eg også lage tidlig på dagen og la det stå i kjøleskapet .Den trenge ca 30 min i ovnen og  blir servert varm med vaniljeisen.Så er det bare vente på gjestane og ha det kjekt!

:-)

tirsdag 9. november 2010

The same prosedure as last year?

The same prosedure as every year...  :-)

Så er tida her for den årlige Mårtensgåsfesten den 11.11..som i år blir feira den 13.11.Eg fikk heldigvis  få  tak i to gås som er nokså store og ikkje så dyre som dei var i fjor.Invitasjonane er sendt og forberedelsane i gang:

søndag 31. oktober 2010

Kornnekbrød

Fra deigresta fra igår baka eg kornnekbrød,som blir til pynt på kjøkkenet.Fikk lyst å "leike "meg med trolldeig og lage juledekorasjon.Det er  leeenge sida sist!



søndag 10. oktober 2010

Aubergine med tomat og parmesan

Søndags middag på italiensk :


 Ein del arbeid med den,men verdt den tida det tar.Like godt kaldt som varmt.


 Fra Nina fikk eg disse mat farga fra USA som er litt sterkare enn dei eg få kjøpe her.Tusen takk!

fredag 1. oktober 2010

Lam + haust=love



Haust er lam og fårikål tid,men  Aromatiske lammekjøtboller er også godt,spesielt når oppskrifta er fra Nigella sin bok:Nigellas fest-En hyllest til livet! Nå er det tilbud på lammekjøttdeig på butikkane.

500 gr kvernet lammetkjøtt

4 vårløk

1/2ts malt kanel

1 tsmalt spisskumin

1 ts malt allehånde

1 ts salt

3 ss semulegryn

1 egg

Bland alt sammen og la det stå ca 30 min i kjøleskapet.

Nigella skriver at ho klarer å lage ca 75-80 små boller av denne blandinga.Eg fikk 65,men dei var kasnkje litt store.

Steik dei i litt olje i ca 1-2 min på kvar side.La dei renne av på kjøkkenpapir.Kan brukast som snacks til øl,med couscous og grønnsakstuing,fylt i varme pitabrød med salat og hummus,aller bare lagt på toppen av kokt ris.

Nam.nam...

torsdag 9. september 2010

Ny kokebok:

Så fikk eg i posten boka eg venta på lenge:Kitchen - recipes from the heart of the home av Nigella Lawson.Det er ein boka  på 490 sider og boka nr 7 eg he av 8 ho skreiv.

Så mange gode oppskrifter ...og eg måtte prøve ein med det samme:Indiske bakte poteter :



Eg elska havregyn og alt som er laga med med havregryn,så oppskrif på Blondies(havregryn med sjokoladebita) var midt i blinken for meg ,utprøvd og godkjent i dag:nam,nam..

tirsdag 31. august 2010

Risotto med kantarell...

Sjølv om det er august endå er det haust vær ute og tid for sopp.Kantarell så eg på butikken for ein overkomeleg pris og fikk lyst på risotto med kantrell:det er gjort på halv time og smakar utruleg godt.Italiensk Arborio ris får man kjøpe på Rema 1000 men vanleg grautris er nesten like bra.





http://www.jamieoliver.com/recipes/risotto/basic-risotto-recipe

lørdag 21. august 2010

Framboise - bringebærlikør

I  2009   laga eg bringebærlikør og den smaka himmelsk så i dag laga eg litt til...den blir klar til jul :-) Det er nesten som ekte fransk likør-framboise.Solbærlikør skal det også bli, som fransk Creme de Cassis .


Til ca 1 l:

500 gr bringebær

6dl brandy elr konjakk

ca 350 gr sukker

Knus bringebær lett og hell brandy i et glass med skrulokk og ha bringebæra i.La det stå mørkt og kjølig i 2 mnd.Sil så likøren gjennomen sikt.Mål opp væsken og rør inn 175 gr sukker for kvar 6dl væske.Dekk til og la det stå 2 dagar.Hell likøren på flasker. Kork dem ,lagre  mørk og kjølig i minst 6 mnd før likøren drikkes.Eg smakte min etter 3-4 mnd :-)




På Mega i Vik var det tilbud på mengde av frukt til 10 kr ,blåbær til 40 kr kg!I år blir det lite jordbær men meir blåbær ,laga slik som jordbær i frysaren:

2kg bær

1/2 kg sukker

1  pose med blå Certo frysepulver

Så enkelt og så godt!


For 10 kr per korg kan man også lage ferskenmarmelade:


mandag 16. august 2010